slide1 slide1 slide1 slide1

Villmarksmessa Etne

alt

Villmarksmessa i Etne 2012 er over for denne gong, og me vil sende ein stor takk til utstillarar, publikum og frivillige som var med på å bidra til at den første Villmarksmessa i Etne kan karakteriserast som ein suksess. I og med at dette var første gong, visste me ikkje heilt kva me gjekk til. Me skal no evaluera messa, og snart starta jobben med å laga ei endå betre messe til neste år! Takk for oss og velkommen tilbake i 2013! 

Pølsekonkurranse: Juryen har bedømt ni pølser, etter utsjånad, konsistens, smak, tradisjon og nyskaping. Hoveddommar var Bodil Nordjorde.

1. plass: Ingrid Helland med hjortepølse. Uttale frå jury: Pølsa hadde bra utsjånad, meget god konsistens, topp smak, samt var både tradisjonell og nyskapande.
2. plass: Arne Gravelsæter med hjortepølse.
3. plass: Albert Rafdal med røykt hjortepølse.

Ein vil óg nemna villsvinpølsa innlevert av Jon Kongevoll, som var ein spanande "runners up" til dei tre i teten!

Fotokonkurranse:
 
1. plass: Irene Stålesen, Nedstrand, med "Gladjentå i vintervinduet"
2. plass: Thorbjørn Weltzin Pedersen, Etne, med "Flågefiskaren"
3. plass: Andreas Kalvig Anderson, Stavanger, med "Tre 1"

Gjetting av vekt på levande aure frå Stordalsvatnet:
Auren vog 3475 gram og Martin Olsen kom nærmast med sitt tips på 3500 gram. Gratulerer så mykje!

Takk for flott innsats til alle deltakarar.